Fredag er det berre å smøra kjakekokane og pussa danseskoa.
Tedna Laidys sparkar i gong kvelden med humørfyllt trening av ansiks- og magemuskulatur. Og her blir det ingen avslapping mellom øktene, så det er berre å vera budd på at åndenød og latterkramper kan inntreffa. Det er diverre ikkje oksygenmasker som heng ned frå taket når det er trong for det, så fokuser på å få attende eigen pust før du dunkar naboen hardt i ryggen.

Etter ein intensiv omgang i sitjande stilling syter Two 4 You for at resten av legemet får opp dampen også. Desse karane har tidlegare sytt for god stemning på dansegolvet mellom anna i nabobygda Vinnes.

Dette er eit ypparleg høve til å treffe ikkje berre naboen, men bygdefolk spesielt, og andre fusingar generellt.

Har du ikkje vore om deg og fått billett er det dessverre for seint å få sjå revyen! Dørene opnar klokka 19.30, og teppet går opp for dei driftige damene klokka 20.30.