I Grendahuset i Strandvik har det vert datatreff i ein eller annan form sidan tidleg i det 21. århundre.

Det er i seinare tid desse arrangementa er blitt organisert i større omfang og fått namnet StrandvikLAN. Dette er eit alkohol- og rusfritt treff for ungdom frå 13 år og oppover, og blir arrangert 2-3 gongar i året.

StrandvikLAN er ingen organisasjon i seg sjølv, men opererer under Grendahuslaget i form av at treffet får låne grendahuset mot at inntektene går på ungdomskontoen deira.
Til gjengeld er dette penger StrandvikLAN kan søkje om å få bruke.

I månadsskiftet august/september var det igjen tid for å arrangera StrandvikLAN. Heile helga frå fredag 31. august til sundag 2. september var grendahuset okkupert av virtuelle krigarar, pilotar og råkøyrarar. Me tok ein prat med hovudarrangør Peter-Hans de Zwarte for å høyre korleis det gjekk.

– Gjekk alt etter forventningane?

«Nei dessverre gjorde det ikkje det. I år hadde me planlagd å sette opp 42 plassar for deltakarar med PC. Dette pga. forventningane frå førre treff då me arrangerte med 32 plassar. Desse blei reservert i løpet av få dagar, og me måtte setja opp ekstra bord for å få plass til fleire. Då me opna påmelding på nettstaden vår nokre veker før treffet viste det seg fort at det var lite interesse for å melda seg på. Etter litt rundspørjing kom me fram til at det var mange andre hendingar denne helga. Fleire faste deltakarar var flytta ut av kommunen og hadde fyrste helga på ny skule, andre var på volleyball-turnering, osv. Så me endte opp med 12 deltakarar. Dette må eg innrømme at var dårleg planlagt av oss, og me vurderte å avlyse. Etter ynskje frå dei få påmelde valde me å køyra i gong det minste treffet vårt hittil likevel.
Dette er noko me ikkje angrar på! Det viste seg kjapt å vera eit av dei kjekkaste treffa hittil.
Me fekk sponsa premiar av nettbutikken MPX.no og breidbandsleverandøren NextGentel, og kunne med desse premiane arrangera kjekke konkurransar i diverse dataspel. Og då me blei tome for idear for fleire konkurransar, blei StrandvikLAN mest sannsynleg det einaste datatreffet i verda som arrangerte åresal for å kvitta seg med premiar.

Alt i alt var det god stemning rundt heila treffet, og arrangørane er kjempe nøgde og gler seg til neste gong.»

– Kva får ungdommar til å sitja ei heil helg i grendahuset bak ei datamaskin?

«Godt spørsmål. Eg kan kun svare ut frå mi eige erfaring og observasjonar. Dagens ungdom brukar veldig mykje tid foran datamaskina, og dermed er denne maskina ein enkel måte å lage eit arrangement rundt.
StrandvikLAN trekkjer faktisk ikkje til seg dei utprega spel-nerdane. Me er for useriøse/uformelle for desse. Men me er heller ein stor gjeng gamle kompisar som kjem saman for å gjera kjekke ting i ei helg utan fyll og fanteri.
Under desse arrangementa i Strandvik finn ein aktiviterar med alt frå flyging av radiostyrte fly til fotball. Eg kan også konstantare at det er ikkje maten som trekk ungdom hit, for Brødrene Dalland får nok solgt ekstra mykje nudler og pizza desse helgane. Men det kan bli for mykje søppelmat, og då er det bra å kunne ty til Handelslaget.»

Pga. for få journalister på Strandvikjo.no måtte eg både vere intervjuar og intervjuobjekt, så eg vil hermed takka meg sjølv for gode svar, og samtidig ynskja heile arrangørgjengen lykke til med neste treff.

(Her er nokre bilete Sverre Nistad Kvammer tok under treffet. Dei fem fyrste bileta er frå dette treffet, dei seks siste er frå eit tidligare treff.)