Me har ein fleirbruksbane i bygda, me har vatn og me har ein lang og bokstaveleg talt iskald periode. Arild Legland må ha tenkt at «fleir» i ordet fleirbruksbane også må kunne inkludera skeisebane. Som tenkt, så gjort. På tysdag hadde han og Tone Andreassen Vik samla ein liten gjeng som spylte vatn over heile bana. “Det vart ringt rundt, og innan ein time stilte folk på bana, heise positive og med skikkeleg pågangsmot. Det er utruleg kjekt at folk stiller på ein times varsel for å laga skeisebane, det er nesten ikkje til å tru!” seier dei to igangsetjarane.

Skøytebane 1

Spyling av bana.

Leif Tholo, Inge Nybrot, Torbjørn Milde, Iman de Zwarte jr. og Peter-Hans de Zwarte tetta fyrst dreneringsrøyra med avispapir og steiner, for så å leggja brannslangar over elva frå nærmaste kumme ved Galleri Rosenlund. Dagen etter, onsdag, stilte “banemeister” Inge Nybrot med assistent Lars Inge Vik og sprøytte eit siste lag for å få isen perfekt. Då bana fylde seg med vatn vart det raskt oppdaga at den er langt i frå i vater, noko som fekk underteikna til å skjøna kvar alle desse sleivsparka i den tidlegare fotball-karriera kom frå.

Strandvik er no den einaste plassen i kommunen som kan tilby ein særdeles trygg skeisebane midt i sentrum av bygda. På laurdag var det allereie full aktivitet med nyslipte skeiser på stålisen. Strandvik Oppvekstsenter lånte ut hockey-køller og mål for dei som ville ha ei fartsfylt stund på isen. Andre finslipte teknikken på motsatt banehalvdel, mens nokre var nøgde seg med å heia på hockeyspelarane eller berre nyta sola på ein benk. Det såg ut som om alle koste seg, både dei med skeiser og dei utan. Så om du er redd for å detta gjennom isen på Skåtavatnet, Vengsvatnet eller Skogseidvatnet er du velkomen til solfylte Strandvik!