For skyttarar rundt om i det ganske land er det ei stor hending alle ser fram til, nemleg Landsskyttarstemnet. Og skyttarane i Strandvik Skyttarlag er ikkje noko unntak.

I år reiste det ein rekordstor delegasjon til Oppdal. Laget var representert med 6 familiar – 10 vaksne og 11 barn/ungdommar. Av desse var 8 skyttarar påmelde. Aldri har det vore så mange frå Strandvik Skyttarlag på eit landsskyttarstemne!

På Landsskyttarstemnet er det ulike “øvelsar” skyttarane kan delta i. Baneskyting og feltskyting er dei mest kjende, men vel så spennande er Stang-skyting og “Stupar’en”. Desse øvelsane får fram cowboyen i dei fleste, og for publikum er dette ei fartsfylt oppleving.logo

Det er sjølvsagt skytinga som står i sentrum, men vel så viktig er det sosiale. For andre året på rad hadde skyttarlaget eige lagstelt. Der vert det dekka på langbord og arrangert felles middagar for laget. I år vart laget sponsa med nytt telt, og forbi-spaserande var stumme av beundring. Som det inkluderande laget Strandvik Skyttarlag er, vart andre skyttarlag frå kommunen invitert til reke-fest. Skyttarane fekk utruleg nok tid til litt andre ting òg. Det vart kino-besøk, ein tur i bassenget og jammen vart da ikkje rafting òg, i år som i fjor.

Det vart eit opphald med mykje innhald: God skyting – ein personleg rekord og ein finaleplass, mykje vêr – 3 fortelt i manko og diverse bulkar her og der, lått og løye, og på tampen ein lovnad om at Strandvik Skyttarlag skal stilla med dameskyttarar på … vel, eit eller anna Landsskyttarstemne …