Då underteikna køyrde til sentrum med rumlande mage og det vart observerte ein salsbod med diverse delikatesser, vart freistinga for stor til ikkje å stogge. Her fann me Valentin, Tony, Magnus og Nicholas som steikte vaflar og lappar i eit sett.

Underteikna vart ståande i kø og kom i prat med ein belgisk turist. Eit gyllent høve til å ta fram den rustne språkkunnskapen i Nederlandsk/Flamsk. Om det var vaflane som lokka eller noko anna vitast ikkje. Men denne belgiaren fortalde han hadde eit ynskje om ein dag å kunne flytte til bygda, men fyrst måtte han finne seg jobb her.
Plutseleg fekk han eit lass vaflar med seg, og no var det underteikna sin tur. Medan vaflane fekk godgjere seg i jarnet fekk gjengen fortald at dei også dagen i førevegen hadde helde ope salsbod i Jordmorsvingjen. Då var det saft og smoothie det gjekk i, og dei vart kjapt utseld. Allereie i dag, ein time etter at dei starta med vaflar og lappar, var røyra nesten tom.
Vaflane kom, perfekt steikte gjekk dei ned på høgkant. Gjengen forten skryt for dette!
Om vêret held seg har gjengen allereie planlagd å selja delikatesser i morgon også. Kva dei vil selje då visste dei ikkje endå. Det kan absolutt anbefalast å gjera eit lite stopp i Jordmorsvingjen så lengje salsboden deira er ope. Me får opplyst at opningstida er frå kl. 14 og nokre timar utover – taktisk, midt i rushet.
Til slutt må det nemnast at bakverket her er 100% flugesikkert. Underteikna let seg imponere stort av det nyaste innan flugesmekk-teknologi som denne gjengen opererer med:
